Vårsemesteret 2015

Long time no see - og kanskje på tide med ein liten oppdatering frå Bergen. Eksamen levert og bestått, og vårsemesteret mitt er allerede over. For denne jenta har tatt "sommarferie" og skal ikkje tilbake på skulebenken igjen før til hausten for fullføre mitt siste år på den praktisk pedagogiske utdanninga eg har starta på for å så kunne jobbe som lærar.

Det har eg forsåvidt allerede starta med gjennom bemanningsbyrået PVS. Her får eg mange ulike vikaroppdrag som lærar i forskjellige barne og ungdomsskular rundt om i Bergen. Dette kombinert med praksisen vi har gjennom HIB, opparbeidar eg meg god erfaring. Denne jobben kombinerar eg med stillinga eg har i skobutikken Bianco.

I tillegg til jobb og studier har eg trappa opp på dansefronten. Eg har gått i frå 1 time hip hop kurs i veka, til 5 timar med Hip hop, Swing og Salsa. Hip hop-kursa har eg tatt ilag med mine hærlige gode instruktørar på B hip hop dansestudio. Gjennom eit av kursa eg tok, fikk vi også besøk av to dyktige gjestekoreografar: MODESTA (LIT) og LIAM PENTLAND (UK).

Swing og Salsa-kurset tok eg ilag med sambuaren min på Hildemors dansesenter. Her hadde vi en veldig dyktig italiensk danselærar som heitte Santino. Her eit bilde av oss, etter endt 12 vekers kurs!


No i det siste har eg også jobba med min tredje logo for kunde og er snart i mål med dette oppdraget. Så veit du om nokon som skulle trenge ein logo, plakat, flyer, takkekort eller kanskje eit visittkort? Ta kontakt! Eg tar på meg ulike grafiske oppdrag på firma:)

PSSSST! FØLG MIN NYE INSTAGRAM : FRANCISDANCEPRODUCTION for å følge meg og mine danseprosjekt :D

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

, Bergen

Grafisk design, foto og dans. Dette er mitt arbeid, ingen kverdagsblogg. Kontakt: maritafrancis@hotmail.com

hits