Ungdomsstipend 2014
Dei siste tre åra har eg såtte som dommar i UKM i Jølster kommune. Men i år måtte eg dessverre takke nei. Typisk som det er, var det kanskje denne gongen eg så aboslutt burde ha vore tilstede. For under ungdomens kultur mønstring fredag 7. mars vann eg ungdomsstipendet i Jølster på 5000 kroner.
Grunngjevinga var følgande: "Marita Francis dansa seg til NM-bronse i hip-hop i Sørumsand 27.10.13 og markerte seg dermed som ein av dei beste dansarane i Norge. Marita Francis er oppteken av å trene barn og ungdom i hip-hop dans og held kurs både på Sandane, der Marita no bur og i heimkommunen sin, Jølster. Marita Francis er ein talentfull ungdom som markerer seg innan eit område som ikkje så mange andre her i distriktet meistrar. "
Lite visste eg om at eg i heile tatt var nominert til ein slik pris, så dette kom veldig uventa. Det var mange fine og gode ord frå ungdomsrådet i Jølster kommune. Sette stor pris på at dei velge å gi meg eit slikt stipend og ei slik oppmerksomhet. Det tar eg som eit tegn på at dei virkeklig sette pris på arbeidet eg gjer og mitt angesjement for dansen og det er eg veldig glad for. Så TUSEN TAKK til Jølster kommune. Dette var kjekt!
(Legge ved ei sak frå Firda om UKM og Ungdomsstipendet som dokke kan lese om HER!)